torsdag 1. april 2010

Hekla jakke

Overskrifta kunne vel også vore "pleddet som vart jakke...". Hihi.
Eg hadde egentlig tenkt å hekle desse rutene til et stort pledd, men då eg hadde laga et par stykker, tenkte eg dei kunne vore fine nederst på ei jakke så då vart det forandring i planane..

Så dette har eg putla med i ledige stunder den siste veka. Det var kjempegøy og spennande, for eg har aldri laga verken jakke eller genser før! Men arbeidet vaks fort, for det er tjukt og deilig lett Rosendal-garn, og heklenål nr 7!
Det er ikkje noko prakt-arbeid, men heilt greit nok til å rusle rundt i hagen i, tenker eg, og slenge over skuldrene ein sein sommarkveld..

Eg har laga lomme på begge sidene. Alltid noko ein vil ha med seg...


Her er baksida. Her er det motsatte fargar på blomsterrutene. Alt i alt er eg rimelig fornøyd. Det er tross alt første forsøk på å lage jakke.. Og selvfølgelig uten oppskrift (rutene hadde eg oppskrift til, men ikkje til jakken..) Det meste vart som vanlig til underveis!


Til slutt vil eg få ønske dere ein god påske med et lite bilde frå hagen. Blomstrande snøklokker, krokus og påskeliljer i knopp!
-Glassrosa