torsdag 29. oktober 2009

Sånn vart dei!

Vel, her er resultatet..! Her er to av smykkene; ferdig inngravert og limt...
Må innrømme at eg er litt spent på korleis desse vert mottatt, på julemarked og ellers... Om folk i det heile tatt vil like glassmykker med inngravert mønster..?
Sjølv har eg aldri sett det før, men fekk no eg fiks ide om at dette måtte eg prøva.
No sitt eg og prøver å pønske ut et mønster til endå et grønt, rundt smykke..


Har mata både hund og katt, vore på luftetur med hunden og fyrt i peisen. Heldt også på å sy meg ei "dame" som skal henge i trappeoppgangen. (Alt dette mens eg funderer på inngraveringsmønster og har dårlig samvittighet for at eg ikkje heklar på lappeteppet mitt..) Det skal ikkje vera enkelt...!
Og så gleder eg meg til min kjære kjem heim! Han skulle nemlig stikke innom Stoff og Stil med handleliste for meg i dag..!! Så det blir nesten julafta når han kjem heim!
Ha ein fin kveld!
-Glassrosa

søndag 25. oktober 2009

Her er ein liten smakebit på den siste smykkekolleksjonen min. Den er litt prega av blomster og natur... Desse kom ut av ovnen for et par timar sidan. Eg har nett limt på smykkeanhengene, og no skal dei ligge i press ei stund.
Eg ser no at mønsteret på smykkene ser litt utydelig ut på bildene, eg glømte visst å vaske smykkene før eg fotograferte.. Jaja, det er jo berre ein liten smakebit.
Eg skal lage mange fleire no framover. Skal delta på et lite julemarked i slutten av november, og då kan det jo vere greit å ha litt smykker klare...
No skal eg innta sofaen og hekle vidare på lappeteppet mitt!
Ha ein fin søndagskveld!

tirsdag 20. oktober 2009

Oldemorsrutene og litt nytt

Om det kanskje ikkje går så fort, så går det no på fram med oldemorsrutene.. Ein vakker dag skal dei bli et godt og varmt pledd. No er det ikkje plass til rutene i garnkista lenger, og dei kunne ikkje ligge framme - sjølv om både hunden og katten syns det var veldig gøy... Så no har eg laga meg ein oppbevaringspose til oldemorsrutene!
Den har eg sydd av et kjøkkenhåndkle. Den har fått snøring i toppen og ei bærestropp den kan henge etter. Foreløpig heng den på veggen i stova..


Då eg begynte på pleddet, tenkte eg å variere fargane, og berre ha den ytterste raden lik. Men ting forandrar seg fort, og eg bestemte meg for å ha alle rutene like allikevel! Dermed hadde eg plutselig eindel oldemorsruter til overs. Dei låg i kista et par dagar, men det plaga meg meir og meir at dei berre låg der! Så det endte med at eg laga et par ekstra, og hekla det sammen til et sjal! Altså ikkje et særlig gjennomtenkt sjal, men varmt og godt er det!

Ellers jobbar eg og symaskina innimellom med vårt skjøre og relativt ferske vennskap... Me er slett ikkje alltid bestevenner; eg syns symaskina kan vere kranglete og lite samarbeidsvillig, og den syns eg er utålmodig... Men det har no blitt noen sånne oppbevaringsposer i løpet av den siste veka.
Ellers jobbar eg eindel nede på Roserommet; med nye glassmykker. Men dei er ikkje klare til å bli vist fram heilt endå.
Ha ein trivelig og kreativ høstdag!



mandag 12. oktober 2009

Litt fleire bilder..

Idag har eg tatt noen fleire bilder av dei to siste hyllemusene.
Musungen kosar seg i den bittelitle senga si.
Teppet hans består av to små oldemorsruter som er hekla sammen.

Musefrøkna har fått selekjole på - lys lilla.


No skal dei få sitte i ro på peishylla så lenge, ilag med "strikke-bestemora", mens eg fyrer i peisen og heklar litt meir!
Ha ein fin kveld!



søndag 11. oktober 2009

To nye hylle-mus ferdige idag

I kveld vart eg ferdig med desse to. Hadde tenkt å ta litt fleire og bedre bilder av dei, men no vart det litt for mørkt til å få fne bilder. Så det får eg gjere i morgon formiddag!
Den vesle musungen har fått ei seng oppi ei fyrstikk-eske, med madrass, pute og teppe...
Dette må vere det minste og kjappaste teppet av oldemorsruter eg nokon gong har sett eller laga..!
Iallefall; det kjem fleire bilder i morgon!

Ha ein fin kveld!

lørdag 10. oktober 2009

Nye glassengler

No har eg laga fleire glassenglar!

Dei er skjært ut i kunstglass, og brent på litt over 800 grader i ovnen min.
Dei er mellom 3,5 og 6 cm lange. Opphenget er tynt gøtt som er festa til kroppen med litt metalltråd. Desse vil bli lagt ut i salgsbloggen min.


Til jul pleier eg å pynte med sånne litt rundt omkring; på juletreet, i vindu osv. Eg har til mi forundring merka at for kvart år som går blir eg meir og meir glad i englar..!? Og desse små syns eg det er koselig å ha rundt meg i huset.

Dei kan også henge til pynt på ei flaske...



i ein plante...




eller som her; stå på kandelaberen og passe på spisebordet...
Ha ein fin lørdag!
Klem frå Glassrosa




torsdag 8. oktober 2009

Muse-bestemor...
Musemor og musefar vart solgt tidligare i dag, men dei rakk såvidt å helsa på musebestemor før dei vart pakka inn... Bestemora har tatt brillene på, og funne fram strikketøyet og trådsnella..
Har fått litt inspirasjon i løpet av dagen, og no står ideane i kø! (Eg kom meg aldri ned i kjellaren idag for å lage smykker... Til helga, kanskje?) Reknar med det dukkar opp fleire mus i løpet av helga.!
Ha ein fin kveld!

onsdag 7. oktober 2009

Fekk pakke idag

Idag kom pakken eg hadde bestilt, proppfull av glass!! Å, det er såå gøy å åpne pakker - til og med når eg har bestilt dei sjølv og veit akkurat kva som er oppi...
Idag vert det ikkje tid, men i morgon skal eg begynne å lage smykker av dette. Gleder meg til det!
No ligg dei framme på spisebordet i kveld. Eg går rundt og tittar på dei, og det begynnar så smått å komme fram idear til former og fargesammensetninger...
Å, du kan tru eg skal kose meg med glass i morgon...!

Ha ein super og fargerik kveld!

tirsdag 6. oktober 2009

No er dei to...

Endelig fekk musemor selskap på peishylla!
No er også musefar ferdig! Han har fått eit lite sjal rundt halsen, og ei avis å lesa i...

Ønsker alle som tittar innom ein fin og kreativ høstdag!

-Glassrosa

Oppbevaringspose

Idag har eg rett og slett laga meg ein "prøvepose"... Eg har sett så mange fine posar på bloggen til Timotei , og fekk så lyst til å prøve sjølv og.
Eg har ikkje funne noko mønster, så det måtte jo bli ein prøvepose etter prøv-og-feil metoden. Denne vart langt ifrå perfekt, men eg lærte no litt underveis, og skal nok bli flinkare etter kvart. For sånne blir det fleire av! Dei er jo kjempepraktiske til oppbevaring av alt mulig!
Og så er det så greit når dei er sydd dobbelt, at dei ken vrengast alt etter kva farge du vil ha framme.
Så no skal eg finne fram dei stoffrestane eg har, mixe og matche, og lage meg noen fleire. Dette var gøy!

lørdag 3. oktober 2009

Hylle-mus

No er eg nett ferdig med ei lita hylle-mus. Ho er ikkje store krabaten; 9,5 cm utenom beina. Ho er hekla i tynt ullgarn, og har fått et lite strikka sjal på. Sjalet er festa med perler og litt streng. Ho er hekla etter inspirasjon frå Frøken Elsa.
Tenkte eg skulle ha noen små grupper med mus rundtom i huset i desember. Vel å merke plassert slik at ikkje katten får tak i dei... Denne sitt foreløpig trygt på peishylla!
Kanskje kan ei hylle-mus også vere ein grei tilleggspresang til venner til jul? For eksempel hengende på ei vinflaske.?
Fortsatt god helg!!

Pinne-etui

No har eg fått laga meg et etui til oppbevaring av heklenåler, strikkepinnar og alt det andre som vanligvis "flyt" rundt meg... Er så glad i rødrutete tøy.. Dette kjøpte eg billig i restekassen i ein gardinbutikk. Resten har eg kjøpt på Stoff og Stil for lenge sida.
Eg er langt i fra dreven på symaskina, så spesielt vakre sømmar blir det jo ikkje..! Men det heng no sammen... Har laga mange små rom til heklenåler, litt større til strikkepinner, og ei til saks og diverse større ting som er greit å ha. Har også sydd fast ei lita nålepute inni der . Utanpå "sakselomma" vart det ei lita lomme til stoppenåler.

Til venstre ser du den nydelige strikkeposen eg kjøpte hjå Torunn
nylig. Den er så fin, med jordbærstoff og ruter! Sjølv om etuiet mitt ikkje kan måle seg med den, så syns eg dei passar litt sammen; i stilen.
Veldig greit å ha ein fast plass til alle ting. Og ikkje minst utenfor rekkevidden til katten og hunden...
Nei, no blir det ein kopp kaffi, og deretter litt meir hekling, trur eg. Tusen takk for at du titta innom til meg!
Ønsker deg ein strålande lørdag!

tirsdag 29. september 2009

Oldemorsruter...

Søndags kveld viste mamma meg ei oppskrift på oldemorsruter. Og det gjekk som det pleier; eg berre måtte prøva med ein gong...!
Her er det ikkje snakk om å vente til eg har alt garnet eg treng, i hus, nei... Så innimellom smykkelaging og annan hekling, så lagar eg no oldemorsruter.
Planen er at det ein gong skal bli eit pledd som eg skal ha i godstolen i lesekroken! (Gleder meg allerede til det..!) Det er veldig enkle ruter, så det er supert arbeid til fjernsynstitting!

No skal eg inn og lage et par ruter til - ha ein fin kveld!

mandag 28. september 2009

Roser og kosehekling..

I helga har eg hatt koselig besøk av familien. Det er alltid kjekt. Eg ville pynte bordet med litt av hagens roser, mens dei endå blomstrar. Så då var det å utruste seg med sydvest og rosesaks, og springe ut i høstregnet.. Eg fekk tak i roser frå dei aller fleste buskene før regnet tvinga meg inn att...
Fredags kvelden vart det ein ny "telysestake". Det er berre et hekla trekk med eit syltetøyglas oppi, men det vart no litt dekorativt likevel, eller?

Mokkakoppene som eg har rosene oppi er frå to ulike sett, som eg har arva etterbestemødrene mine. Eg syns dei er så søte, og det var veldig kjekt å ta dei ut or skapet og få vist dei fram med roser i!



Litt av bordpynten lørdag... Masse roser og levande lys..



Litt enkel hekling mens eg og søstra mi skravlar og ser på tv... kan ikkje holde på å telle masker då! Dette vart ein liten pose med oppheng og snøring. Veit ikkje heilt endå kva eg skal ha oppi den, eller kor den skal henge.., men eg skal nok alltids få brukt den!



torsdag 24. september 2009

Ny hagemus ferdig!


Då var hagemusa Mari ferdig!
Ho er litt i høststemning; har på seg ein rød kjole i varm og god ull.. Oppskrifta på sjølve musa har eg funne her.
Kjolen har eg gjort min egen vri på, og korga er eget påfunn.
I korga kan ho oppbevare forskjellige ting for oss; som høstkvister, heklenåler, kulepenner etc. Mari er 21 cm høg, og hekla i ullgarn. Ho kjem nok til å havna i salgsbloggen.
No skal eg fortsetta på ein rose-alv eg heldt på med. Skal begynne på kjolen no, og eg trur det blir kvit kjole denne gongen..
Ha ein strålande og kreativ høstdag!

onsdag 23. september 2009

Gjestetøfler

I går kveld vart endå et par gjestetøflar ferdige. Desse vart pynta med ein nålefilta blomst. Men den hekla kanten rundt åpningen likte eg ikkje. Syns den vart ujevn og laus. Så den droppar eg neste gong. (Men det måtte jo prøvast..) Desse har eg strekt godt i etter toving, så dei vart for store til meg. (Med vilje altså.)
Har ein god del gjestetøflar i gangen no, men treng nok litt fleire, i stor damestørrelse og i herrestørelse. Så det vert nok fleire etter kvart.

tirsdag 22. september 2009

Høststemning

I dag er det virkelig høst! Her er det skikkelig ruskaver! Hadde egentlig tenkt meg ut for å ta stemningsbilder i hagen idag, men det får bli ein annan dag... Så no har eg "juksa litegranne".. Det vart istedet tatt et par høstbilder inne.

Her er utsikten frå spisestova. Fjorden går heilt grå, og det er ikkje mykje utsikt att.. Katten trivst og best inne på sånne dagar! Tar seg til nød ein tur i vinduskarmen for å sjå om det ikkje snart lettar... Som du kanskje ser på bildet, blomstrar rosene like fint endå! Her er det berre å åpne vinduet og klippe seg ein liten bukett..!




Et lite utvalg av høstens goder. Årets ripssaft, litt plommesyltetøy og noen epler frå hagen... Håper det fortsatt er litt epler igjen på trærne etter dette ruskeveret... (Fryseboksen er egentlig stappfull med eplekaker allerede, men eg syns liksom eplene må brukast. Og me skal nok alltids klara å eta et par kaker til...)
No skal eg hekla litt, og nålefilta litt, og håpa på at eg då er ferdig med eit par tøflar og ei hagemus til i kveld..



Vinn adventskalender hjå Brit`s små puslerier

No kan du vinne ein flott heimalaga adventskalender hos Brit`s små puslerier !!! Såå kreativt og snilt. Ein stor mulighet for alle som år etter år lagar kalendere til resten av familien, men aldri får sjølv... Eg har selvfølgelig slengt meg med, i håp om å vinne denne flotte kalenderen...!

Anbefaler et besøk i bloggen hennar, og delta gjerne i konkurransen! Men du må skynde deg, for fristen er den 24. september...! Så no får me berre kryssa fingrane...

fredag 18. september 2009

Første Rose-alven er ferdig







Då var rose-alven Iris klar for å møte verden! Det har ikkje vore enkelt å få ho ferdig, for katten har heile tida vore veldig interessert i Iris... Ho er hekla i Mandarin petit-garn, og kroppen er fylt med polyesterfiber. No manglar ho berre noen venninner, så; fram att med heklenåla..!



onsdag 16. september 2009

Ein ide blir født

I går våkna eg opp med ein ide og et detaljert bilde i hovudet. Eg visste at eg skulle laga "Rose-alvar", og eg visste korleis dei skulle sjå ut. Så då var det avgårde for å kjøpe garn.. I går kveld lot eg berre ideen modne, men i dag begynte eg. Den første er som du ser, langt frå ferdig endå! Men litt er på plass.. No skal eg lage ansikt og ein kjole. Eg har ingen oppskrift - alt går på prøv- og- feil metoden (min favoritt). Eg har som sagt klart for meg korleis eg vil at dei skal sjå ut - så får tida vise om eg får det til... kanskje den første Rose-alven blir "født" i morgon?

TØFLAR


Eit av dei mange prosjekta eg heldt på med no, er eit par tøflar til meg sjølv. Dei er ferdig tova, men eg skal nålefilta blomstrar på dei, og det er eg berre kommt halvveis med. Det er jo alltid så mykje annet spennande som berre prøvast med ein gong... Men ein vakker dag vert dei nok ferdige.

Så var eg i gang med hobbyblogg


Har fått meg ei lita kiste til å ha garn i. Den er eg veldig fornøyd med. Det er katten og... Kvar gong eg åpnar lokket, så er han oppi kista! Han velger seg kjapt ut et nøste, og spring avgårde... Med så mykje "god hjelp" så går det jo ikkje alltid så fort framover med prosjekta mine..

Men me kosar oss!