onsdag 2. desember 2009

Kremmerhus

No er julemarkedet overstått. Det var kjempekoselig, og eg er veldig fornøyd med salget!!
Tempoet i heimen har roa seg litt; no er det meir småputling, kos, pynting og baking. Elsker denne tida!
Eg har hekla et par kremmerhus. Ideen fann eg hjå "Frøken Elsas virkblogg". (Du finn link til henne i blogglista lenger nede på sida.) Det er rett og slett ei oldemorsrute som er bretta og sydd sammen. Enkelt og veldig stilig, syns eg...
Her har eg satt ei lita brakegrein i vatn i et norgesglass. Et lite kremmerhus oppi greina, og det store har eg lagt noen sjokolader og hasselnøtter inni. (Hasselnøttene har eg funne i skogen oppom huset.)

På det store kremmerhuset har eg hekla ei rad rundt åpningen med sølvtråd, men det kom ikkje så godt fram på bildet.
Oldemorsruta vart bretta hjørne mot hjørne, og sydd sammen på vranga. Kjapt og enkelt!
Til slutt et lite bilde eg tok i går kveld, av pusen og nissen... Han tittar og snuser forsiktig (egentlig heilt ulikt denne ville katten..), så eg håpar han har lært noko av hundemora si - ho har stor respekt for nissen..!