torsdag 1. april 2010

Hekla jakke

Overskrifta kunne vel også vore "pleddet som vart jakke...". Hihi.
Eg hadde egentlig tenkt å hekle desse rutene til et stort pledd, men då eg hadde laga et par stykker, tenkte eg dei kunne vore fine nederst på ei jakke så då vart det forandring i planane..

Så dette har eg putla med i ledige stunder den siste veka. Det var kjempegøy og spennande, for eg har aldri laga verken jakke eller genser før! Men arbeidet vaks fort, for det er tjukt og deilig lett Rosendal-garn, og heklenål nr 7!
Det er ikkje noko prakt-arbeid, men heilt greit nok til å rusle rundt i hagen i, tenker eg, og slenge over skuldrene ein sein sommarkveld..

Eg har laga lomme på begge sidene. Alltid noko ein vil ha med seg...


Her er baksida. Her er det motsatte fargar på blomsterrutene. Alt i alt er eg rimelig fornøyd. Det er tross alt første forsøk på å lage jakke.. Og selvfølgelig uten oppskrift (rutene hadde eg oppskrift til, men ikkje til jakken..) Det meste vart som vanlig til underveis!


Til slutt vil eg få ønske dere ein god påske med et lite bilde frå hagen. Blomstrande snøklokker, krokus og påskeliljer i knopp!
-Glassrosa


torsdag 25. mars 2010

Blomstermotivet fortsetter...

No er "blomsten min" kommt i glassmykke-variant og....
Rart, egentlig, at det skulle gå så lang tid før det gjekk opp for meg... Denne blomsten har eg jo tegna i alle år; i skulebøker, telefonrabling osv. Eg har og dei siste åra møtt på "den femblada rosa" i bøker og her i nye-hagen min. Så eg har et litt spesielt forhold til den...!

I løpet av dei siste åra har eg hekla sjal av slike blomster, og eg har nålefilta den på tova tøfler og pulsvarmarar. Men det var ikkje før no i vinter at dette smykket begynte å dukka opp i tankane mine. Der fekk det ligga og godgjera seg lenge, for det var altfor kaldt til å jobbe nede i kjellarrommet mitt. Men no er det ferdig!
Dette vart ein ganske stor variant. Ganske så fint utanpå ein genser!
(Og kanskje er den med på å lokke våren fram..?)

Så snart eg får kjøpt meire glas, skal det verte fleire slike smykker. Ideane til farger og størrelsar står i kø...!!

Ha ein flott og blomstrande vår-dag!

tirsdag 16. mars 2010

ENDELIG

tilbake i bloggemodus, og endelig ferdig med hekleteppet mitt!!
Det har tatt si tid, for innimellom blir det litt labbestrikking ol til heim og familie. Og andre småprosjekt som berre må prøvast..hehe

Men no er det altså ferdig! Det består av 80 oldemorsruter. Fargane kom litt dårlig fram på bildet, men det er altså rosa, beige og brunt.
Som du ser, er det allerede blitt et populært innslag i stova; straks eg hadde lagt det på golvet kom både hund og katt...

Så no er eg klar for nye prosjekt! Det vil sei, eg har allerede begynt, men har nok meir å visa fram her veldig snart...

Ha ein flott vårdag!