torsdag 26. november 2009

Siste innspurt...

Ja, no er det siste innspurt som pågår her i heimen! På lørdag skal eg delta på eit lite julemarked, og forhåpentligvis selge eindel av smykkene mine... No er eg nesten klar; planen er at eg skal lage noen fleire svarte idag.
Det har gått veldig greit i år, ingen tendenser til stress. Sjølve produksjonen av smykkene, og brenninga har foregått på Roserommet i kjellaren. Men eg har sittet i varmen på kjøkkenet når eg har gravert og montert oppheng og reimer.
Derfor har det vore litt meir svinn enn vanlig.... Den halvvoksne, energiske og nysgjerrige Gråtass-pusen min har vore veldig opptatt av å finne ut om smykkene kan fly når han feier dei utfor benken...!? Hittil har han berre funne sånne som blir knust...

Men, men, sånt må ein rekne med! Eg trur uansett at eg har nok smykker no.


Beklager kvaliteten på bildene; eg har forsøkt å fotografere på fleire plasser, men det var jo det manglende dagslyset, då...
Kjenner at eg gleder meg veldig til julemarkedet (uansett korleis salget går.) Og når eg kjem heim etterpå, er det på tide å ta ned julekassen frå loftet, gjere klar adventsstake og -stjerner, og alt det kjekke som høyrer adventstida til !!
Takk for at du tok deg tid til å komma innom! Og legg gjerne att ein liten kommentar - eg hadde blitt veldig glad for å finna et lite livstegn her inne..!
Ha ein fin førjulsdag!



torsdag 19. november 2009

Her er litt meir av det eg har putla med i det siste. Det har blitt eindel bretteposer..
Denne er i et litt strielignande stoff med mønster på. Eg har sydd på ein liten blondekant på brettekanten. Har satt et stort norgesglass oppi. Planen er at det skal fyllast med pepperkaker når eg startar på julebaksten, og stå framme på kjøkkendisken.
Denne posen syns eg passar godt til jul! Men kan stå framme resten av året og.. Oppi står ei juleglede som har overvintra frå i fjor. No har eg tatt den ned i varmen, og håpar den blir rød og fin til jul...!

Planen var å ta gode bilder av dei siste glassmykkene i dagslyset.. Men i dag vart det aldri lyst! Skikkelig mørkt og trist høstregn... Så bildene vart som dei vart.. Det inngraverte mønsteret kom iallefall litt fram på bildene.


Desse blomstersmykkene skal eg ta med på julemarked om halvannen veke (dersom dei ikkje blir solgt i mellomtida...).









Og til slutt to par bretteposer. Dei er sydd slik at dei kan vrengast, alt etter kva farge ein vil ha ytterst.(Desse to grønne/grå er altså heilt like, dei har berre kvar si side framme no.) Veldig greie til all slags oppbevaring.




Desse to har eit beigemønstret stoff på eine sida, og eit julemønstret på den andre.
Desse to parene vert enten gitt i julepresang eller solgt.
Det vart et langt innlegg, dette. Veldig takknemlig for at du tittet innom! Og dersom du legg att ein liten kommentar, vert eg veldig glad, og kan ta turen inn til deg.
Ha ein flott dag!
-Glassrosa






onsdag 18. november 2009

Endelig tilbake på nett!! Maskina mi hadde et lite illebefinnande et par dagar, men med god hjelp er eg no tilbake på nettet, og det føles heilt herlig..!
Eg har ikkje lagt på latsida; kreativiteten begynnar å nærme seg rødt nivå...
Som du kanskje vil sjå av desse bildene, har eg nesten forelska meg i et stoff eg kjøpte hjå Ellos i høst. Har bla sydd meg et stort hjerte, som heng på veggen.

Då eg skulle inn til mamma på middag ein dag, skulle eg ha med hekletøyet, slik at me kunne sammenligna oldemorsrutene våre. Og då sydde eg meg ei heilt enkel veske til å ha alle rutene i. Av det rosete stoffet... Veska er heilt enkel, med for og glidelås.

Den 28. november skal eg delta på et lite julemarked, og selge glassmykkene mine. Så no pågår produksjonen for fullt nede på roserommet!
Tenkte å legge ut litt fleire bilder av smykkene i morgon, no er det for mørkt til å få gode bilder.


Til slutt ein oppbevaringspose...i det rosete stoffet, ja... hehehe
Eg har laga mange slike poser no - i heilt andre stoff.!
Tenkte eg skulle gje vekk noen til jul, ha noen sjølv, og muligens selge noen.
Skal ta bilder av dei andre posene i morgen.
Tusen takk for at du tok deg tid til ein liten titt inne hjå meg! Dersom du legg att ein liten kommentar, vert eg veldig glad..!
Ha ein fin kveld! -Glassrosa



fredag 6. november 2009

Lotteri hjå Torunns hobbyblogg!

No er det eit spennande lotteri inne på Torunns hobbyblogg..!!

Der kan ein vinna strikkepose og rundpinneetui! Eg har sjølv ein strikkepose eg har kjøpt av Torunn, og den flittig i bruk - rett og slett ein "må ha"-ting...
Eg håpar selvfølgelig på å vinna ein til...hihi... Så dette lotteriet vil eg oppfordra alle til å vera med på!

Ha ein fin kveld vidare!

onsdag 4. november 2009

No har eg fått leika meg litt med tøy og symaskin! Å, det var kjempegøy!!
Resultatet vart ei "velkommen-dame".
Det vil sei; ho er ikkje heilt ferdig endå. Eg har tenkt å lage eit lite skilt, enten av tre eller glass, og gravere inn "velkommen". Tenkte ho kunne henge i trappeoppgangen og holde skiltet i hendene. Men eg får ikkje tid til å lage skiltet idag, og klarte ikkje å vente med å ta bilde...

Mønsteret er inspirert av denne snøengelen. Men eg har brukt litt andre mål, forlenga beina, og droppa vingene... Men neste gong trur eg det må bli ein slags engel, det hadde jo passa fint no til jul! For det blir garantert fleire - dette var gøy!
Mønster til snøengelen, og maange andre gode og kreative prosjekt, fann eg i denne boka, som eg kjøpte for et par veker sidan. Den vil nok bli mykje brukt framover mot jul!! (Innimellom smykkelaginga..)


Vel, no har eg rydda og støvsugd litt i heimen, så no skal eg berre ut i hagen for å hente inn litt roser ti vasene, så er det å begynne på middagen.
Takk for at du tok ein tur inn på bloggen min! Det set eg stor pris på! Og viss du legg att ein liten kommentar, vert eg endå gladare..!
Ha ein flott høstdag!