
Rart, egentlig, at det skulle gå så lang tid før det gjekk opp for meg... Denne blomsten har eg jo tegna i alle år; i skulebøker, telefonrabling osv. Eg har og dei siste åra møtt på "den femblada rosa" i bøker og her i nye-hagen min. Så eg har et litt spesielt forhold til den...!
I løpet av dei siste åra har eg hekla sjal av slike blomster, og eg har nålefilta den på tova tøfler og pulsvarmarar. Men det var ikkje før no i vinter at dette smykket begynte å dukka opp i tankane mine. Der fekk det ligga og godgjera seg lenge, for det var altfor kaldt til å jobbe nede i kjellarrommet mitt. Men no er det ferdig!
Dette vart ein ganske stor variant. Ganske så fint utanpå ein genser!
(Og kanskje er den med på å lokke våren fram..?)
Så snart eg får kjøpt meire glas, skal det verte fleire slike smykker. Ideane til farger og størrelsar står i kø...!!
Ha ein flott og blomstrande vår-dag!