torsdag 26. november 2009

Siste innspurt...

Ja, no er det siste innspurt som pågår her i heimen! På lørdag skal eg delta på eit lite julemarked, og forhåpentligvis selge eindel av smykkene mine... No er eg nesten klar; planen er at eg skal lage noen fleire svarte idag.
Det har gått veldig greit i år, ingen tendenser til stress. Sjølve produksjonen av smykkene, og brenninga har foregått på Roserommet i kjellaren. Men eg har sittet i varmen på kjøkkenet når eg har gravert og montert oppheng og reimer.
Derfor har det vore litt meir svinn enn vanlig.... Den halvvoksne, energiske og nysgjerrige Gråtass-pusen min har vore veldig opptatt av å finne ut om smykkene kan fly når han feier dei utfor benken...!? Hittil har han berre funne sånne som blir knust...

Men, men, sånt må ein rekne med! Eg trur uansett at eg har nok smykker no.


Beklager kvaliteten på bildene; eg har forsøkt å fotografere på fleire plasser, men det var jo det manglende dagslyset, då...
Kjenner at eg gleder meg veldig til julemarkedet (uansett korleis salget går.) Og når eg kjem heim etterpå, er det på tide å ta ned julekassen frå loftet, gjere klar adventsstake og -stjerner, og alt det kjekke som høyrer adventstida til !!
Takk for at du tok deg tid til å komma innom! Og legg gjerne att ein liten kommentar - eg hadde blitt veldig glad for å finna et lite livstegn her inne..!
Ha ein fin førjulsdag!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar