torsdag 19. november 2009

Her er litt meir av det eg har putla med i det siste. Det har blitt eindel bretteposer..
Denne er i et litt strielignande stoff med mønster på. Eg har sydd på ein liten blondekant på brettekanten. Har satt et stort norgesglass oppi. Planen er at det skal fyllast med pepperkaker når eg startar på julebaksten, og stå framme på kjøkkendisken.
Denne posen syns eg passar godt til jul! Men kan stå framme resten av året og.. Oppi står ei juleglede som har overvintra frå i fjor. No har eg tatt den ned i varmen, og håpar den blir rød og fin til jul...!

Planen var å ta gode bilder av dei siste glassmykkene i dagslyset.. Men i dag vart det aldri lyst! Skikkelig mørkt og trist høstregn... Så bildene vart som dei vart.. Det inngraverte mønsteret kom iallefall litt fram på bildene.


Desse blomstersmykkene skal eg ta med på julemarked om halvannen veke (dersom dei ikkje blir solgt i mellomtida...).









Og til slutt to par bretteposer. Dei er sydd slik at dei kan vrengast, alt etter kva farge ein vil ha ytterst.(Desse to grønne/grå er altså heilt like, dei har berre kvar si side framme no.) Veldig greie til all slags oppbevaring.




Desse to har eit beigemønstret stoff på eine sida, og eit julemønstret på den andre.
Desse to parene vert enten gitt i julepresang eller solgt.
Det vart et langt innlegg, dette. Veldig takknemlig for at du tittet innom! Og dersom du legg att ein liten kommentar, vert eg veldig glad, og kan ta turen inn til deg.
Ha ein flott dag!
-Glassrosa






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar