onsdag 4. november 2009

No har eg fått leika meg litt med tøy og symaskin! Å, det var kjempegøy!!
Resultatet vart ei "velkommen-dame".
Det vil sei; ho er ikkje heilt ferdig endå. Eg har tenkt å lage eit lite skilt, enten av tre eller glass, og gravere inn "velkommen". Tenkte ho kunne henge i trappeoppgangen og holde skiltet i hendene. Men eg får ikkje tid til å lage skiltet idag, og klarte ikkje å vente med å ta bilde...

Mønsteret er inspirert av denne snøengelen. Men eg har brukt litt andre mål, forlenga beina, og droppa vingene... Men neste gong trur eg det må bli ein slags engel, det hadde jo passa fint no til jul! For det blir garantert fleire - dette var gøy!
Mønster til snøengelen, og maange andre gode og kreative prosjekt, fann eg i denne boka, som eg kjøpte for et par veker sidan. Den vil nok bli mykje brukt framover mot jul!! (Innimellom smykkelaginga..)


Vel, no har eg rydda og støvsugd litt i heimen, så no skal eg berre ut i hagen for å hente inn litt roser ti vasene, så er det å begynne på middagen.
Takk for at du tok ein tur inn på bloggen min! Det set eg stor pris på! Og viss du legg att ein liten kommentar, vert eg endå gladare..!
Ha ein flott høstdag!

2 kommentarer:

  1. Så nydelig hun er! Blir koselig å pynte med i trappeoppgangen! Det så ut til å være ei flott julebok!

    SvarSlett
  2. Koselig å kikke rundt på bloggen din.
    Tusen takk for fine hilsener i bloggen min.
    Ønsker deg en fin dag.

    SvarSlett